Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Bør førebu oss på heimesommar

INGEN SYDENTUR: Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) seier til NTB at med tanke på korleis verda utanfor Noregs grenser ser ut, er det lurt å planlegge for heime- eller Norgesferie i sommar. Men det ikkje sikkert at det blir fritt fram for å gjere reiser internt i landet. – Eg ønsker jo at vi skal vere i ein situasjon til sommaren der nordmenn får moglegheita til å oppleve Noreg som ferielandet sitt. Det vil utviklinga avgjere, seier Høie. Statsminister Erna Solberg (H) held likevel ein knapp på at folk kan reise rundt i Noreg i sommar. – Det vil nok bli fint mogleg å reise på ferie i Noreg. Det trur eg òg er bra for reiselivsnæringa, sa Solberg like før påske. ©NPK