12. mars sende NRK TV ein samtale om koronaviruset mellom professor Ørjan Olsvik og programleiar Ole Torp. Det er liten grunn til uro, forsikra mikrobiologen med dagfersk informasjon frå Center for Disease Control i USA. Våre styresmakter veit kva dei gjer. Dei var tidleg ute, dei gjennomfører adekvate tiltak, og Norge har god beredskap og kontroll. Kanskje kjem nokre veikhelsa menneske til å døy før tida, men omfanget blir ikkje i nærleiken av ein vanleg influensasesong. Sjølv ville han ikkje avstå frå å reise med familien til USA eller dei fleste europeiske land, sa han – og takka høfleg for seg med eit handtrykk.
Det er eit lyspunktet i krisetida at folk strittar mot og tek styring.