Du kan bla til neste sideBla med piltastene

«Kingdom» er endå eit sosialt engasjert kvalitetsdrama frå Sør-Korea.

Pest under prydhatten

KRONPRINS OG OPPRØRAR: Kronprins Cheng (Ji-Hoon Ju) med svart gat (bak) saman med ein like velkledd offiser i «Kingdom». FOTO: NETFLIX

Den historiske zombie-serien er endå flottare laga, men ikkje like original i andre sesong.

(Sesong 2, Sør-Korea, 2020)

Serieskapar: Kim Eun-hee, basert på hennar eigen nett-teikneserie «Kingdom of the Gods»

Regi: Seong-hun Kim, In-je Park

Med: Ji-Hoon Ju, Doona Bae, Seung-ryong Ryy, Sang-ho Kim, Hye-Jun Kim, Suk-jo Jun

Lengde: 6 episodar à 45 min.

«Kingdom» følgjer skjemaet til ei kjent utviklingshistorie: Ein sjølvsentrert tronarving mistar privilegia sine, oppdagar det lidande folket og skapar seg om til ein handlekraftig reformator. I denne sørkoreanske varianten gjeld dette kronprins Cheng (Ji-Hoon Ju), ein fiktiv figur sett inn i ei nitid rekonstruert koreansk fortid, rett etter år 1600, midt i epoken til Joseon-dynastiet. Ein kulturelt sentral epoke i koreansk historie.