Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Studentane rasar mot krisepakke

FOR DÅRLEG: Tilbodet frå Kunnskapsdepartementet om krisehjelp tyder meir gjeld for studentane. Det vekkjer kraftige reaksjonar. Eit ekstra lån frå Lånekassen på 26.000 kroner er regjeringstilbodet til studentar som har mista biinntekter på grunn av koronaviruset. Uakseptabelt, meiner leiar Marte Øien i Norsk studentorganisasjon (NSO). – Studentar med deltidsjobb må få økonomisk støtte, ikkje større gjeldsbyrd, seier Øien. Ho meiner det slett ikkje er støtte å tilby studentar pengar som må betalast tilbake. På Stortinget får NSO full støtte frå Arbeidarpartiet og SV, som meiner studentane burde ha fått tilbod om meir stipend i staden. ©NPK