STILLE

Før A og etter Å

Der språket sluttar, finst det ei stille me ikkje treng å setja ord på.

Det er vanlegvis ganske stille her kor eg bur. Men i den siste tida har stilla verka nesten uverkeleg. Ho vert ikkje avbroten som før; det kjem ikkje nokre hyl frå ungdommar som trenar på fotballbanen på ettermiddagen, ikkje nokre småkranglande replikkar frå skuleelevar på veg til skulen om morgonen.

Du kan bla til neste sideBla med piltastene