Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Advokat: – Ein skammeleg dag

UT: Najumuddin Faraj Ahmad, kjend som Mulla Krekar, vart i går utlevert til Italia, sa justis- og beredskapsminister Monica Mæland (H) på ein pressekonferanse i går. Krekars advokat Brynjar Meling rasar. – Dette er ein skammeleg dag for alle dei som ikkje har hindra utlevering av ein openbert uskuldig mann, seier advokaten til VG. Han seier Krekar ikkje vart gitt høve til å seie farvel til familien. Justis- og beredskapsdepartementet opplyser at dei har fått forsikringar frå Italia om at Krekar vil bli teken vare på i samband med koronasituasjonen. Krekar kom til Noreg som flyktning i 1991. I 2003 vart han varig utvist frå Noreg av omsyn til tryggleiken i riket. ©NPK