Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Bekymra for elevfråvær

HEIMESKULE: Lærarane fryktar å miste oversikta over elevane etter beskjed om at dei ikkje skal føre fråvær medan det er heimeskule. Utdanningsdirektoratet gav torsdag beskjed til lærarane i landet om at dei ikkje skal føre fråvær så lenge heimeskulen varer. Det har ført til mange bekymra reaksjonar frå lærarane, fortel Steffen Handal, leiar i Utdanningsforbundet. – Mange lærarar er urolege for at ein då mistar oversikta over elevane og kven som deltek i skuleaktivitetane. Vi skal oppfylle opplæringslova, og då er det veldig viktig å vite om eleven er til stades. Det er òg viktig for å vite om eleven har det bra eller ikkje, seier Handal til NTB. ©NPK