- Regjeringen har kalt inn til dugnad mot pandemien. Det er med denne som dugnader flest: Arbeidsbyrden er skeivt fordelt. Helse- og omsorgsarbeidere, sjåfører, lærere, bønder, butikkansatte, soldater, barnevernsansatte, apotekere og mange andre må ut og jobbe, selv om de utsetter seg for smitte. En del kan arbeide fra kjøkkenbordet, men ikke alle er like heldige: Ifølge Virke kommer 100.000 arbeidsplasser til å være stengt i løpet av få dager.
Endra rekruttering er nøkkelen til meir likeløn.
Vi er ikkje likestilte
Eit samfunn er ikkje fullt ut likestilt før det ikkje spelar noka rolle for inntekta om ein er mann eller kvinne. I verdas nest mest likestilte land, etter Island, er vi ikkje der. Kvinner tener snaue 90 prosent i høve til det menn tener, når ein reknar lønsinntekta om til timeløn. Det er ingen uvesentleg forskjell. Forskjellen vert derimot klart større når vi ser på årsinntekt. Medan vel ei av tre kvinner arbeider deltid, er det berre om lag 15 prosent av mennene som gjer det. Og i store trekk er det slik at også timeløna er lågare blant dei gruppene som arbeider mest deltid. Dette er den største årsaka til mangel på likestilling i Norge. Vi vil kort og godt ikkje bli fullt ut likestilte før forskjellar i inntekter mellom menn og kvinner er borte.