Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Melding

Maskiner med medvit

Eit visuelt lekkert og nifst informativt varsku om kunstig intelligens.

DEN TENKJANDE MASKINA: «iHuman» summerer opp og spissar kva som står på spel, og er lekkert illustrert av animasjonane til Theodor Groeneboom. FOTO: EUFORIA

(Noreg, 2019)

Regi og manus: Tonje Hessen Schei

Med: Jürgen Schmidhuber, Ilya Sutskever, Michal Kosinski

Lengde: 1 t. 39 min.

«iHuman» er tragisk ironisk ein av dei viktige filmpremierane som no er råka av korona-stengde kinoar. Vonleg vil filmen få snarleg online-distribusjon. «iHuman» handlar nemleg om uetisk og uregulert bruk og nyutvikling av algoritmar, dei matematiske «oppskriftene» som den digitalstyrte verda er bygd på. Desse elektroniske verktøya blir no brukte av verdas helsestyremakter til å kalkulera virusspreiing (du har kanskje sjølv spela «Infected»?) og til å underbygga tiltak mot pandemien i den fysiske verda.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?