Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Den atlantiske villaksen har gytevandra mellom elv og hav i 10.000 år. No trugast han av laksebaronar og parasittar.

«Ganga skal Guds-gåva …»

© ILLUSTRASJON: NOAA, FLICKR

Etter innstillinga frå Havbruksskatteutvalget om grunnrenteskatt har vi fått eit interessant ordskifte om den økonomiske sida av denne næringa. Her kjem ei anna side ved laksetemaet – den viktigaste, den om økologi og naturmangfald. Det gjeld noko så alvorleg som lagnaden til den utryddingstruga, atlantiske villaksen, salmo salar, som har vandra mellom elv og hav i kanskje 10.000 år.