RETT: Eit laksepakkeri utanfor Bergen har fridd seg frå båe tariffavtale og erstatningsdom gjennom fleire konkursar. No vil Raudt endre lova.
Skageneset på Sotra utanfor Bergen er sjeldan i avisene utan at det handlar om sjømatselskapet Sekkingstad AS. Raudt-leiar Bjørnar Moxnes møtte direktør Even Hopland i Sekkingstad, det omstridde selskapet som driv på Skageneset.