Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Bygda spør ikkje kvinner kva den kan gjere for dei, men kor mange barn kvinnene kan føde på bygda.

Fruktbar alder

BRUDEFERD UTAN BRUD: Distriktspolitikken greier ikkje å gjere bygdene attraktive for kvinner. I Møre og Romsdal er det no berre 90 «kvinner i fruktbar alder» per 100 menn.Illustrasjon: A. Tidemand og H. Gude, «Brudeferd i Hardanger» (1848). Redigert av Maya Økland i Fett Børre Høstland

«Jenter fra en liten plass de kommer seg til byen», song deLillos. Eg sit med beina i kors i eit yogastudio på Grünerløkka. Eg er gravid, dette er gravidyoga. Instruktøren har nettopp sagt med mjuk stemme at eg skal kjenne kjærleiken strøyme mellom meg og barnet for kvar innpust og utpust.