To dyktige unge kvinner forsvann ut av Ap-toppen førre veke. Både Jette Christensen (36) frå Hordaland og Marianne Marthinsen (39) frå Oslo har gjort det klart at dei ikkje vil ta attval til Stortinget neste haust.
Begge to har peika på interne tilhøve i Arbeidarpartiet som ei årsak til at dei ikkje er motiverte til å halde fram på Stortinget. Fleire har tolka dette som at Ap har eit kvinneproblem. Politisk redaktør i Dagsavisen, Lars West Johnsen, skreiv måndag om «kvinneflukten» frå Ap-etablissementet. «Christensen og Marthinsen har gitt opp Arbeidarpartiet. Men først gav partiet opp dei», slår han fast.
Moglegvis har dei to god grunn til å flykte. Heldigvis for Ap finst det talent å ta av. Spørsmålet er om det vil bli gjort.
Aftenposten sin podkast «Forklart» tek denne veke for seg Marthinsen og Christensen sin stortings-exit. Der beskriv forfattar og journalist Marie Melgård korleis katastrofeåret 2017 er nøkkelen til å forstå at dei to Ap-profilane no kastar inn handkleet. Ap sitt dårlege valresultat og den etterfølgjande Giske-saka skapte varige sår i partiet, og dannar til saman det Melgård beskriv som «ei lang kjede av ting» som har medverka til at Ap no må klare seg utan dei to: Både Christensen og Marthinsen var stigande stjerner på Ap-himmelen før 2017. I løpet av 2017 hamna dei begge på motsett side av «Giske-fløya» internt i Ap.
«Spørsmålet er om Ap er flinke nok til å byggje talent generelt»
Ingen av dei to fekk rollene dei ønska seg etter valtapet. Marianne Marthinsen vart vraka som finanspolitisk talsperson til fordel for Giske. «Begge ble i denne stortingsperioden stuet bort i utenriks- og forsvarskomiteen», skriv Johnsen i Dagsavisen. Ifølgje Melgård opplevde fleire i Ap at Giske sine støttespelarar fekk sentrale roller då posisjonane skulle delast ut i Ap si stortingsgruppe etter valet, medan folk som var kritiske til Giske sin innsats som valkampsjef i 2017, ikkje vart løfta fram.
Eit alternativt perspektiv, som Melgård også peikar på, er at det slett ikkje er rart at ein nestleiar, på det tidspunktet med høg tillit i partiet, får den posisjonen som vedkomande helst vil ha: Ein nestleiar er no ein gong ein nestleiar. Når det er sagt, råka den såkalla Giske-saka Ap så hardt at alle involverte må seiast å ha kome svekka ut av den. Det gjeld både Ap-leiar Jonas Gahr Støre, nestleiar Hadia Tajik, og partisekretær Kjersti Stenseng. Korkje tidlegare og noverande leiarar av Ap sitt kvinnenettverk, Anniken Huitfeldt og Anette Trettebergstuen, går klar, då begge har blitt skulda av enkelte varslarar for å vere for utydelege i det interne metoo-oppgjeret. Saka heng også ved Giske sjølv, som likevel er på veg inn i leiinga i mektige Trøndelag Ap. Både Marthinsen og Christensen var også på ulike vis engasjerte i det interne metoo-oppgjeret i Ap, begge med støtte til varslarane.
At partikriser som den frå 2017 gjev varig mein for arbeidsmiljøet i ein organisasjon, er ikkje rart.
Det betyr ikkje at Ap manglar kvinnelege talent. Spørsmålet er heller om Ap er flinke nok til å byggje talent generelt. Frå utsida ser det ikkje slik ut. Fram mot valet gjer Støre difor klokt i å gjere som han forsøkte før katastrofeåret 2017: Å gje plass til nye profilar. Av kvinner har Ap fleire å ta av. Helsepolitisk talsperson Ingvild Kjerkol er blitt varm i trøya for lengst, og står fram som eitt av Ap sine beste kort. AUF-leiar Ina Libak (30) er eit ungt talent. Ute i landet har Ap populære profilar i bergensordførar Marte Mjøs Persen, ordførar i Stavanger Kari Nessa Nordtun og Oslo sin varaordførar Kamzy Gunaratnam. Onsdag lanserte sistnemnde seg sjølv som stortingskandidat. Kanskje følgjer dei andre etter?
Skal Ap kome vidare, vil det ikkje skade med fornying.