Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Vil ta ansvar for yrkesdykkarane

SKJER I SJØEN: Arbeidstilsynet ber regjeringa om at arbeidsmiljølova må gjelde for dei om lag 700 yrkesdykkarane som jobbar innanskjers i Noreg, skriv Dagbladet. No tar dei til orde for at all dykking i Noreg blir heimla i arbeidsmiljølova. Yrkesdykkarar har frykta at regelendringar og endring av tilsynsstyresmakt ville føre til fleire ulykker og endra arbeidsforhold. I dag er det Arbeidstilsynet som har ansvaret for å føre tilsyn med yrkesdykkarar. Eit utval har foreslått at Sjøfartsdirektoratet skal overta ansvaret. Det blir òg ulike reglar for dykkarar som opererer frå land og dei som dykkar frå skip. LO peikar på at vedtaket er gledeleg og nødvendig.©NPK