Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Om du vil filmatisera ei bok: Ta det bokstavleg!

Ord på lerretet

BOKBRANSJE: Margaret Qualley har hovudrolla i filmatiseringa av Joanna Rakoffs sjølvbiografiske roman om bokbransjen i New York på midten av 1990-talet. FOTO: MICRO_SCOPE

Filmbransjen elskar og har alltid elska bøker, særleg romanar i alle sjangrar: politisk thriller, historisk drama, krim og kjærleik. Desse alt publikums-testa og marknadsførte historiene kan på papiret(!) verka som ei trygg investering. Ofte har det vist seg å vera motsett. Jo meir populær bok, desto større risiko for å skuffa publikum. Ein treng ikkje gå lenger enn til den norske filmatiseringa av Lars Saabye Christensens «Beatles».