Som installasjonskunst er «Fyr» ei makelaus oppleving, men diverre ikkje som teater.
Trøndelag Teater, Studioscena
Av: Espen Dekko, Marianne Meløy og Anne Marit Sæther.
Regi: Morten Røsrud.
Scenografi: Gilles Berger.
Lysdesign: Eivind Myren.
Kostyme: Jenny Hilmo Teig.
Komponist: Martin Smidt.
Med: Nami Kitagawa Aam, Roar Kjølv Jenssen, Espen Dekko, Marianne Meløy, Ingrid Bergstrøm og Anne Marit Sæther.
Nokre av dei vakraste og mest poetiske teaterframsyningane eg har sett, har vore av den vesle frigruppa Cirka Teater i Trondheim. I meir enn 35 år har dei skapt rom, bilde og situasjonar med eit visuelt språk dei er ganske åleine om, og eit utal prisar er det også blitt. Ved fleire høve har dei samarbeidd med Trøndelag Teater, og i 2014 fekk den magiske familiemusikalen «Hundre hemmeligheter» to Heddaprisar.