Farleg nytt?
To lovforslag om hatytringar og «fake news» skapar splid i Nigeria.

Ifølgje FN sine framskrivingar vil Nigeria om tretti år doble befolkninga. Viss prognosane stemmer vil landet ha 400 millionar innbyggarar i 2050 og vere det tredje største landet i verda. Nigeria har i dag den største økonomien på kontinentet, og er ein internasjonal stormakt når det gjeld oljeproduksjon. Nigeria er og store på kultur, musikk, film og litteratur: den nigerianske filmindustrien Nollywood dominerer i Afrika og gjer stadig nye innhogg i strøymetenester som Netflix. Dei er storeksportørar av religion, kor særleg nigerianske karismatiske pinsekyrkjer har etablert seg tungt, både i digital og fysisk form, særleg i landa vest for Sahara. Nigeria er med andre ord ein premissleverandør i regionen, politisk, kulturelt, religiøst og økonomisk. Landet har store moglegheiter, men og store utfordringar: Fattigdom og økonomiske skilnader, korrupsjon, svake statlege institusjonar og aukande sikkerheitsutfordringar knytt til kriminalitet, ressurskonfliktar og muslimske terrorrørsler gjer at landet i tiåra framover må arbeide på mange frontar for å gje den raskt veksande befolkninga trygge rammer for sine liv. Det er altså mange grunner til å følgje ekstra godt med på Nigeria, eit land som meir og meir vil prege regionen, og verda.
Lars Gule, Gina Lende, Anne Kalvig og Helene Næss skriv om religion i Klassekampen kvar torsdag.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent