For ein god del år sidan reiste eg til Freiburg i Tyskland for å sjå kor den tyske filosofen Martin Heidegger filosoferte frå. Eg hadde lese hovudverket «Væren og tid» (1927), og opplevd at det opna for ei heilt ny forståing av det menneskelege tilværet. I Freiburg hadde eg ein lokalkjent venn som kunne vise meg rundt, og turen blei alt ein svermerisk student kunne drøyme om: Etter å ha rusla rundt i Heideggers fotspor på universitetet, forlét vi byen og køyrde mot Schwarzwald, der vi la ut på ein skitur som enda på trammen til Heideggers hytte i Todtnauberg. Vi såg hytta og landskapet rundt, omspunne med mytar og førestillingar gjennom biografiar og litteratur. Før vi drog, drakk vi godt frå brønnen med det karakteristiske trauet som er avbilda på den nye antologien «Heideggers testamente – Filosofien, nazismen og de svarte heftene».
Brennbart: Ein ny antologi inviterer til kritisk konfrontasjon med eit av dei store filosofiske førebileta for vår tid.
Heideggers hefte
Essay