Rå maktkamp
«Hjemkomsten» rører ein ikkje før det dreg til mot slutten.

Rogaland Teater, Teaterhallen
Av Harold Pinter
Omsett av Pål Løkkeberg
Regi: Petter Næss
Scenografi og kostyme: Simon Holk Witzansky
Komponist: Nils Petter Molvær
Lysdesign: Karl Oskar Sørdal
Med: Even Stormoen, Øystein Martinsen, Yngvild Støen Grotmol, Espen Reboli Bjerke, Gorm Grømer og Espen Hana
Mykje har skjedd sia den britiske nobelprisvinnaren Harold Pinter i 1964 skreiv dramaet «Hjemkomsten», men stykket er framleis like sjokkerande og urovekkjande. I eit arbeidarklassestrok i London bur den pensjonerte slaktaren Max (Even Stormoen). Kona er for lengst død, og i eit ekstremt machomiljø med uforløyst maktkamp i form av både strukturell og fysisk vald, bur Max saman med broren Sam (Espen Hana) og dei to sønene Lenny (Espen Reboli Bjerke) og Joey (Gorm Grømer).
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent