Då eg arbeidde i marknadsavdelinga i Klassekampen, drog vi på tur til New York (!). Der besøkte vi blant andre nettavisa Vice, som denne veka har ei artig sak med ubekrefta rykte frå den britiske overklassen. Det er nemleg, skal vi tru artikkelen, blitt trendy blant unge, rike britar å smykke seg med litt arbeidarklasseidentitet for å vise omverda at ein ikkje har kome lett til rikdomen sin. Ei historie handlar om ein ung student som «identifiserer seg som arbeidarklasse» fordi tanta hennar aldri gjekk på universitetet. Andre historier er om elitestudentar som høyrer på hiphop og legg om til dialektar frå ganske andre nabolag enn dei sjølve kjem frå.
AUKANDE KRAV: Martin Pedersen har hatt gjeldsproblem i 30 år. – Det har gått så langt at eg har fått ei sperre, og eg bryr meg ikkje lenger, seier han. Anniken C. Mohr
Då Klassekampen er på besøk, startar dagen slik den brukar: