Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Forsvarssjefen går av til hausten

FERDIG: Etter nesten sju år som forsvarssjef er det klart at admiral Haakon Bruun-Hanssen går av til hausten. Det fortel departementsråd Arne Røksund i Forsvarsdepartementet til Forsvarets forum. – Av praktiske omsyn er det vedtatt at han sit til midten av august. Han stadfestar at dei er i gang med å finna nye kandidatar til stillinga. – Me ønskjer ein brei og grundig prosess som følgjer kvalifikasjonsprinsippet seier Røksund i ei pressemelding. Forsvaret vurderer alle egna kandidatar, ikkje berre søkarar, fortel Røksund. 22 personar har høg nok grad til å bli vurderte: Forsvaret har i dag fire trestjerners og 18 tostjerners generalar og admiralar.©NPK