Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Gjennom elektrifisering av sokkelen kan Equinor selga meir gass til kontinentet:

Trur gass gjer EU grønt

BLANT VENAR: Equinor-sjef Eldar Sætre fekk mykje stønad blant deltakarane på NHO sin årskonferanse onsdag. Christopher Olssøn

LYS FRAMTID: Norsk gasseksport kan få ned klimautsleppa i EU, meiner Equinorsjef Eldar Sætre. Men han føresett politisk velvilje.

– Norsk gass kan sikra meir utbygging av fornybar kraft. Totalt sett vil det bidra til at klimagassutsleppa går ned, seier konsernsjef i Equinor Eldar Sætre til Klassekampen.