Sjangerkritikk eller stiløving?
(Der Goldene Handschuh, Tyskland, 2019)
Regi og manus: Fatih Akin, basert på Heinz Strunks bok.
Med: Jonas Dassler, Margarete Tiesel.
Lengde: 1 t. 55 min.
Det er to måtar å sjå «Den gylne hansken» på. Om du veit kva du går i møte, kan du erkjenna at du er vitne til eit kvinnemordarportrett som er så sjangerbrytande grimt og stussleg som det bør vera, men ikkje utan morbid komikk. Samstundes kan du kjenna att ein handverksmessig vellaga film, der eit perfid lydspor er klinka saman med presist utvalde bildekomposisjonar til eit gjennomført tidsbilde frå St. Pauli på 1970-talet.