Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Mange tråkka til døde i gravferda

DØDELEG: Minst 40 menneske har omkomme og over 200 er skadde i trengsla under general Qasem Soleimanis gravferd i Kerman, melder iranske medium.

Leiaren for Revolusjonsgardens elitestyrke vart likvidert i eit amerikansk droneangrep i Irak fredag, og store menneskemengder oppsøkte tysdag heimelandsbyen hans Kerman søraust i Iran for å følgje han til grava.