Ingen er for fattigdom. Likevel er det mange som lever i fattigdom, og mykje tilseier også at det blir fleire fattige. Vi kan ikkje slå oss til ro med dette. Det er særleg to måtar ein kan måla fattigdom på. Den eine er inntekt. Alle som har ei inntekt som er lågare enn 60 prosent av medianinntekta i samfunnet, blir rekna som fattige (medianinntekta er den inntekta etter skatt den personen har som har like mange inntektsmottakarar over som under si eiga inntekt).
Vi må koma tettare på fattigdomsproblemet.