Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Disney i Sápmi

PÅ VIDDA: Reinen Svein møter artsfellar i «Frost 2»/«Jiknon 2», der han saman med Kristoffer, Olaf, Anna og Elsa må reisa frå Arendell til tundrafolket for å bøta på ein urett. FOTO: DISNEY NORDIC null

Har Disney laga ein samiskspråkleg barnefilm om Altakampen?

(Frozen 2, USA, 2019)

Regi: Jennifer Lee, Chris Buck

Manus: Jennifer Lee

Musikk: Kristen Anderson-Lopez og Robert Lopez

Samiske røyster: Marianne Pentha, Elin Kristina Oskal, Vegard Bjørsmo, Anders Rimpi, Eva Jeanette Iversen, Mikkel Gaup, Ánne Mágga Wigelius, Mari Boine

Lengde: 1 t. 43 min.

Norsk kinopublikum vil ha ei rad forventingar når dei går for å sjå oppfølgjaren til den vilt populære, «norske» Disney-filmen «Frost» (2013). Det dei fleste ikkje ventar, er ei eventyrleg irettesetting av statsmakta si rolle i Alta-kampen, men det er det vi får. I alle fall er det vanskeleg for vaksne nordmenn å lesa filmen annleis.