Greta Thunberg (16) kåret til årets person av nyhetsmagasinet Time.
Den 16 år gamle svenske klimaaktivisten Greta Thunberg er kåret til årets person 2019 av det amerikanske nyhetsmagasinet Time.
Fem timar Dostojevskij, gjesp?
Sommaren 2006 sette Lindås ungdomslag opp «My Fair Lady» på Haugatun ungdomshus. Det var ikkje heilt mitt interesseområde på den tida, men greitt nok. Ein god ven av meg spelte eine rolla, så eg gjekk mest av lojalitetsgrunnar og ikkje så sterkt av dei høgkulturelle grunnane. Og heilt ærleg, eg trur eg gjekk litt før det var over fordi ein kamerat som var gamal nok til å kjøpe øl hadde gjort nettopp det. Eg tek litt sjølvkritikk, sånn i etterkant. Uansett, ein av skodespelarane i «My Fair Lady»-oppsetjinga, og eg var forresten eldre enn eg vil innrømme då eg innsåg at tittelen var eit ordspel, har dukka opp andre stadar sidan. Sist som Raskolnikov i … vel, «Raskolnikov» på Det Norske Teatret og Det Vestnorske Teatret. Han talentfulle ungdommen på Haugatun ungdomshus var Preben Føkkings Hodneland. For ein mann. Fire og ein halv time intenst teater om «Brotsverk og straff», den tjukke boka vi alle først prøvde å lese etappevis i ambisiøs ungdomstid, men som dei færraste greidde å setje pris på den gongen? Ingen problem.