Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kvar er realismen?

Eg sat og såg på TV-serien «Heim til jul». Den starta fint, med scener frå Røros. Det er jo ein ikonisk stad som eg vil tru dei fleste nordmenn vil kjenne igjen, og vite at ligg i Trøndelag. Det rare er at i dette Netflix-universet, snakkar nesten alle som om det var i Oslo. Så var det kanskje ikkje realisme denne serien gjekk for. Men den fekk meg til å tenke på mangelen på dialekt i norsk film og TV, sjølv når hendingar utspelar seg i Distrikts-Norge. Varg Veum er til dømes ikkje bergensar. Då Trondheims-krimmen til Fredrik Skagen skulle bli NRK-serie, vart handlinga flytta til Austlandet. Slikt øydelegg sjølv den beste produksjon. For bra drama, treng vi at dialektbruken bygger eit truverdig univers. Vi må ut av Oslo.