Forskar og forleggar Pål Bjørby vart hetsa og banka opp fordi han likte menn. Han fann frelsa i feminismen.
Alt starta i femte klasse. Kanskje var det fordi han var ein keivbeint venstreback som aldri trefte ballen. Eller fordi han var for god til å dansa. Kanskje var det lærarinna som sette det heile i gang, då ho fortalde klassen at Pål var blitt eit skilsmissebarn – ei skandale i småborgarlege Drøbak på slutten av 1950-talet.