Då fagrørsla selde sjela si til organisert kriminalitet.
(USA, 2019)
Regi: Martin Scorsese
Manus: Steven Zaillian, etter Charles Brandts «I Heard You Paint Houses»
Med: Robert De Niro, Al Pacino, Joe Pesci, Anna Paquin
Lengde: 3 t. 29 min.
Den 30. juli 1975 forsvann fagrørsleleiaren James «Jimmy» Hoffa for aldri å bli sett igjen. Hoffa var frå 1957 til 1971 den samfunnspolitisk mektige, mafia-korrupte formannen i lastebilførarforbundet Teamsters, og forsvinninga er blant dei mest omdiskuterte kriminalgåtene i USAs historie. No har mysteriet vorte det dramaturgiske omdreiingspunktet i Martin Scorseses «The Irishman».