Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Strategisk grønt fond

Vi må venne oss til å seie at vårt pensjonsfond er ein politisk reiskap, sa Jonas Gahr Støre på Zerokonferansen nyleg. Dette er ikkje noko revolusjonerande nytt. Oljefondet er politisk på fleire måtar. Men formuleringa har likevel skapt debatt og opna opp for å tenke nytt om disponering av oljefondet. Kan vi i større grad bruke deler av fondet til å fremme grøn teknologiutvikling og bidra til ein internasjonal marknad for bedrifter som satsar på ny grøn teknologi?