Sist månad lanserte utviklingsminister Dag-Inge Ulstein eit bistandsprogram på 150 millionar til arbeid mot moderne slaveri. Det er stor debatt om sjølve omgrepet, moderne slaveri, kor vidt det treff og kven det gjeld. Ulstein er klar over denne debatten, men argumenterer i Bistandsaktuelt for at ei brei forståing av moderne slaveri, som inkluderer arbeid mot menneskehandel, tvangsarbeid, tvangsekteskap og barnearbeid, er viktig for å forstå samanhengane i problemkomplekset.
Lars Gule, Anne Kalvig og Helene Næss skriv om religion i Klassekampen kvar torsdag. Gina Lende er gjestespaltist.