Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Bedøvd og frakta inn i ulvesona

MISNØGD: Ein ulv vart tidlegare i november flytta inn i ulvesona i staden for å bli skoten fordi den var genetisk viktig for ulvebestanden, ifølgje regjeringa. Sps Emilie Enger Mehl kravde i Stortingets munnlege spørjetime i går ei forklaring frå klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) på helikopterflyttinga. – Den største trusselen for ulvebestanden i Sør-Skandinavia er genetikken og innavl, sa han og argumenterte for at ulven representerte større variasjon i genetikken, noko som kan bidra til ei bestandsforvaltning med færre ulv, slik Sp ønsker. – Det raskaste ville vore å trekke på avtrekkaren på ei rifle, slik at ulven hadde ramla død om, svarte Mehl.©NPK