Når tilværet bleiknar
Skodespelar Ingvar Sigurðsson får visa kva han kan i Hlynyr Palmasons sorgdrama.

(Hvítur, hvítur dagur, Island, 2019)
Regi og manus: Hlynur Palmason.
Med: Ingvar Sigurðsson, Ída Mekkín Hlynsdóttir, Hilmir Snær Guðnason.
Lengde: 1 t. 49 min.
Den islandske filmskaparen Hlynur Palmason har laga ein verdig oppfølgjar til den sterke debuten «Vinterbrødre» (2017). Ein film der konflikten mellom brørne i tittelen vart konkretisert i ei kvinne, medan dramaet var like mykje drive av den dramatiske dynamikken mellom ein utovervend og ein innovervend bror, der den første viser seg tilpassingsdyktig og godt likt av omverda, medan den andre blir meir og meir uglesett og utagerande.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent