Du kan bla til neste sideBla med piltastene

«Her er eg fødd, her har Gud meg forlate», song Gerhard Gundermann, DDRs Bob Dylan. Ein finn att kjensla i DDR-filmar.

Ein filmspegel for fridom

VAL: Kan DDR vera ei orsaking for å unngå å ta val? Nina Hoss spela tittelrolla som austtyske lege i indre konflikt i Christian Petzolds eksistensielle film «Barbara» frå 2012. FOTO: ARTHAUS

På vestlege filmlerret var DDR Sovjetunionens fremste satellittstat, landet som framfor noko representerte det kommunistiske diktaturet. I Den tyske demokratiske republikken stod Aust-Berlin i ei særstilling – slik også på film. Den kløyvde byen var ei levandegjering av den kalde krigens uforsonlege ideologiar, og ei rad dokumentarar og spelefilmar fortel om einskildpersonar, kjærastar og familiar som med kløkt og dødsforakt trassar den utarma militærstaten i aust og flyktar til fridom og rikdom i Vest-Berlin. Weimar- og Hollywood-legenda Robert Siodmak var tidleg ute med «Escape from East Berlin» alt i 1962.