Du kan bla til neste sideBla med piltastene

STYRKE

Tåresteinen

GUNNAR: Forfattarens bror, billedhugger Gunnar Torvund, fotografert i 1984. FOTO: ROLF M AAGAARD, AFTENPOSTEN/NTB SCANPIX Rolf M. Aagaard

Kvar kjem menneske si veldige skaparkraft frå?

Menneska har i uminnelege tider laga gåtefulle gjenstandar. Og like lenge har dei formulert forunderlege forteljingar og mytar kring desse gjenstandane. I hundrevis av år har menneska laga vakre bygningar og dekorert dei for å gjera dei endå vakrare.