Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kva var skilnaden mellom «raud» og «blå» side i KrF?

Litt Jesus på toppen

Civita-leiar Kristin Clemet har lese Klassekampen sitt intervju med sentrale «raude» KrF-stemmer i samband med eittårsdagen for KrF sitt «skjebnelandsmøte», der partiet bestemte seg for å gå inn i den borgarlege regjeringa. Ho etterlyser eksemplar på konkrete politiske saker der raud og blå side i KrF skil seg ifrå kvarandre. Clemet kritiserer raud side i KrF for å bruke honnørord som nestekjærleik for det dei sjølve står for, medan det blir teikna eit bilete av at blå side står for det motsette. Eller som «raude» Hilde Ekeberg seier til Klassekampen, «Høgrepolitikk med litt meir Jesus på toppen». «Vi var meir usamde enn vi trudde», sa Emil Andre Erstad, Knut Arild Hareide sin tidlegare rådgjevar, då han denne veka lanserte boka «Hareides fall», om den opprivande KrF-striden.