Det er ein nær samanheng mellom framveksten av moderne industri og det aukande forbruket av fossil energi. Den viktigaste oppfinninga bak den industrielle revolusjon i England, var truleg Abraham Darbys utvikling av prosessen med å brenne steinkol til koks. Med Darbys oppfinning vart ei naturgitt grense for produksjonen av stål fjerna. Etter 1750 vart stadig større mengder steinkol brende til koks, som vart brukt til å produsere høgverdig stål. Stål vart kjernematerialet i industrimaskinar, jernbanar, skip, bruer, høge bygningar, krigsutstyr og så vidare. Den industrielle revolusjon var først og fremst ein energirevolusjon. Den britiske historikaren E.A. Wrigley kommenterer:
Økonomane Morten Jerven, Erik S. Reinert, Rune Skarstein, Chr. Anton Smedshaug, Ebba Boye og Marie Sneve Martinussen skriv onsdagar i Klassekampen.