Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Lege: Nina Lykkes roman er sjarmerande svartsynt og infernalsk morosam.

Pasientundersøkingar

VÅR TID: «Slik er vi», seier romanen – men kva så? © FOTO: AGNETE BRUN
Litteratur

Nina Lykke

Full spredning

Litteratur

Forlaget Oktober, 288 sider

Eg har ein kort karriere som pasient, men kjenner meg likevel att i minst fem av pasienttypane som ramlar inn på fastlegen Elins kontor i Nina Lykkes nye roman. Elin har flytta inn på kontoret, fordi ho skal skiljast. Der fører ho samtalar med Tore, eit menneskeskjelett som står i ein krok og kommenterer medan Elin hjelper dei hjelpelause pasientane.