Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Legg fram distriktsmelding for å styrke tilliten til dei mange statlege omstillingane:

Vil stagge utkantopprør

BY MOT LAND: Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland åtvarar mot svekka tillit og konflikt mellom by og land då ho la fram stortingsmeldinga om distriktspolitikken i går. FOTO: OLE MARTIN WOLD, NTB SCANPIX Ole Martin Wold

SPAREBLUSS: Det er få nye tiltak i regjeringas distriktsmelding, men tilskota for fleire samanslåingar av kommunar vert vidareført.

Distriktsopprøret og den store oppslutninga om Senterpartiet har fått eit motsvar. I går la kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland fram ei ny distriktsmelding i nye Senja kommune berre to år etter den førre. Siktemålet med meldinga er mellom anna å halde oppe tilliten «i ei tid der nødvendige strukturendringar blir gjennomført på mange område», som det heiter i meldinga.