Denne veka har eg vore Raudt-politikar saman med Jeanette Syversen i det nye Vestland fylkesting. Her var det mange festtalar om denne historiske nyskapinga. Men alt første dagen utfordra eg påtroppande fylkesordførar Jon Askeland (Sp) frå talarstolen om han meinte vilkåra for samanslåingsvedtaka i Hordaland og Sogn og Fjordane fylkesting var oppfylte. Han kunne diverre ikkje svare verken ja eller nei på spørsmålet mitt.
Vestland fylkesting
DebattFylkesreform