I den nye Netflix-serien «The Politician» gjer hovudpersonen Payton alt for å bli elevrådspresident. Det er, slik han ser det, det første steget på vegen mot å bli president i USA. Payton er sjølvsikker, og omringa av eit «team» av medelevar – sjølvutnemnde kampanjerådgjevarar som satsar alt på å følgje Payton heilt inn i Det kvite hus. Også her til lands er elevrådet er ein talentfabrikk for unge politikarar, melde NRK i går. I Vestfold har 14 av 19 ungdomsrepresentantar i kommunestyra bakgrunn frå elevråd.