TILSPISSA: Det kvite hus varslar at dei ikkje vil samarbeide i det dei kallar Demokratanes «urettmessige» riksrettsgransking. No blir USAs EU-ambassadør stemna.
Det kjem fram i eit åtte sider langt brev til demokratane tysdag, ført i pennen av advokat Pat Cipollone som avviser heile prosessen som går føre seg i Representanthuset. Kongressen granskar om Trump har misbrukt rolla si som president, men Det kvite hus vil ikkje bidra.