Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ei bjørneteneste

«Pakkeløysing», slik det har utvikla seg til dagens nivå, gjer psykiatrien ei bjørneteneste. Det alvorlege med sterk overstyring av fagfolk, er risikoen for å øydelegge motivasjonen. Den er avgjerande for å mobilisere/vedlikehalde energi som trengst for å delta i ofte det mørkaste mørke over tid. Det trengst overskot, kreativitet og eit minimum av armslag for at dyktige fagfolk skal bli verande, når dei opplever kvardagen styrt av meiningslause prosedyrar. Det verkar som Helseministeren ikkje høyrer på fagfolk. Eg vonar at han ikkje er komen inn i eit pakkeforløp som reduserer kontakt med grunnplanet og standardiserer utsegner, slik at han ikkje får sagt meininga si? Eller kan det skuldast manglande tillit til fagfeltet?