Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Målar og ølbryggjar

BYGDAS STORE SON: Thure Lindhardt speler Nikolai Astrup i filmen «Astrup – Flammen over Jølster».FOTO: NORSK FILMDISTRIBUSJON POUL IVERSEN

Nikolai Astrups natursyn bør appellera til folk i dag, meiner regissør Pål Øie.

På kino har Pål Øie vorte mest kjent for skrekkfilmane «Villmark» I og II, men gjennom ein lang karriere som tv-dokumentarist har han drive med det meste. No er han kinoklar med ein for han ny sjangerhybrid, som både kombinerer fiksjon og dokumentar og er tilpassa både kino og tv: dokudramaet «Astrup – Flammen over Jølster».