FORBRUK: Vi får ikkje vita korleis dei fire finansspekulantane i «Exit» tenar pengane sine, men korleis dei brukar dei på å «leva slik du kjenner deg inni deg», slik Henrik (Tobias Santelman) formulerer det. FOTO: NRK Ingeborg Klyve
(Noreg, 2019)
Serieskapar: Øystein Karlsen.
Med: Simon J. Berger, Pål Sverre Hagen, Tobias Santelmann, Jon Øigarden.
Lengde: 8 x 35 min.
Vist på: NRK.
Jaså, gitt. Rusa, norske finansspekulantar er som andre rusa finansspekulantar vi har sett på film. Spennande, spennande, spennande. Det er lett å harselera med «Exit» alt før ein har sett serien, som NRK omtalar som «viktig». Dei åtte halvtimesepisodane om Tjuvholmen-firkløveret Adam, William, Henrik og Jeppe er, slik vi har fått høyra mange gonger i førehandsomtalen av serien, basert på eit journalistmøte med fire verkelege finansmenn på hotellet The Thief med «kort i baren og mikrofon på bordet». Serien er altså presentert som ei «tell all»-historie frå norsk finansmiljø. Vonleg finst det alternative forteljingar, også frå dette miljøet.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.