Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Film

Omvendt seriemordarfilm

GODT SPEL: Jonas Karlsson som journalisten Hannes Råstam og David Dencik som Thomas Quick. FOTO: NFD marcell bandicksson

(Sverige, 2019)

Regi: Mikael Håfström

Manus: Erlend Loe

Med: David Dencik, Jonas Karlsson, Alba August

Lengde: 2 t. 11 min.

«Quick» opnar som ein attkjenneleg mordthrillar med eit nifst overfall på teltturistar ved eit aude, svensk skogsvatn. Med stilisert finesse strekar regissør Mikael Håfström opp dei amerikanske sjangerrammene han arbeider innom frå start til slutt. I mellomtida blir likevel «seriemordarfilmen» vrengt inn ut. I Erlend Loes velstrukturerte og rike manus har denne vanvettige historia vår frå nære fortid vorte ei dekonstruert mordarjakt, like mykje som opprullinga av eit justismord. Den opprullinga har jo filmens heroisk framstilte hovudrolle, SVT-journalisten Hannes Råstam (Jonas Karlsson), alt stått for. Råstams researchar Jenny Küttim (Alba August) er også kreditert for den same jobben på filmmanus. Dramatiseringa lèt oss ta del i Råstam og Küttims sanningssøking, tvil og måpande vantru.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?