Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Meir eigedomsskatt i Bergen

OPP: Byrådet i Bergen vil skjerpe eigedomsskatten ved å auke satsen og senke botnfrådraget. Dermed må fleire betale. Satsen blir auka frå 2,6 til 2,8 promille, og minstefrådraget blir redusert med ein kvart million til 750.000 kroner, ifølgje Bergens Tidende. Byrådet foreslår endringane for å kompensere for endringar i reglane for kor stor del av bustadverdien det skal bli rekna skatt av. Sjølv med endringa reknar byrådet med lågare inntekter frå eigedomsskatt dei neste åra. – Det ville vore uansvarleg å kutte i eigedomsskatten no. Skatten blir vidareført på same nivå med tilpassingar som følgje av nye lover, seier finansbyråd Håkon Pettersen (KrF).©NPK