Dyr straum trugar Hydro
Hydro kuttar 2200 stillingar
I Noreg er tillitsvalde meir redd auken i straumutgiftene

Hovudtillitsvald på Hydro Karmøy Sten Roar Martinsen, som og sit i styret i Hydro, seier at nedbemanninga i produksjon i Noreg kjem til å vere minimal.
– Hydro i Noreg har vore gjennom ei kontinuerleg effektivisering over fleire år og nedbemanninga som no er varsla kjem berre til å råke oss i minimal grad.
Sjølv om kutta i bemanninga er krevjande, er det rammevilkåra for aluminiumsproduksjonen og straumprisane som uroar mest.
– Statnett legg opp til at dei auka investeringane dei står overfor skal dekkast av industrien åleine. For Hydro utgjer dette 300 millionar kroner i ekstrautgifter kvart år, seier fagforeiningsleiar på Hydro Husnes Ørjan Normann.
40 færre stillingar.
Aluminiumsproduksjonen vert ikkje råka av nedbemanninga. Ho skjer på tre område: valseverka, sokalla ekstruderte produkt og i hovudadministrasjonen.
Dette skjer fordi verksemda ikkje tener nok pengar.
Hydros toppsjef Hilde Merete Aasheim varsla kutta på ein investorkonferanse måndag. Ho lova ifølgje Dagens Næringsliv 7,3 milliardar kroner i forbetra resultat dei komande fem åra mellom anna som følgjer av nedbemanninga.
«Vi har kontakt med kollegaer i Tyskland, og dei har tøffe tak no. Vi har vore gjennom dette tidlegare og veit kva som møter dei»
— STEN ROAR MARTINSEN, HOVUDTILLITSVALD PÅ HYDRO KARMØY
Hydro driv i dag to valseverk i Noreg, eit i Holmestrand med 400 tilsette og eit på Karmøy med 230 tilsette.
– I Holmestrand har leiinga og dei tillitsvalde vorte samde om ein reduksjon på kring 40 tilsette. Nedbemanninga skal skje gjennom naturleg avgang og andre løysingar, seier Halvor Molland, informasjonsdirektør i Hydro Aluminium.
Det er ikkje teke stilling til nedbemanning på Karmøy.
– Dei tillitsvalde og leiinga har vorte samde om eit måltal i kroner for effektiviseringa, men er framleis i samtalar om korleis dette skal gjennomførast.
Sten Roar Martinsen seier effektiviseringa ikkje treng å råke tilsette på Karmøy i særleg grad.
– Vi ser føre ytterlegare automatisering og ein viss reduksjon i talet på tilsette gjennom naturleg avgang.
Det meste av nedbemanninga i valseverka skjer i Tyskland.
– Vi har kontakt med kollegaer i Tyskland, og dei har tøffe tak no. Vi har vore gjennom dette tidlegare og veit kva som møter dei, seier Martinsen.
Kravet til effektivisering og nedbemanning gjeld også for dei avdelingane i Hydro Aluminium som produserer ekstruderte produkt som aluminiumsprofilar til bygningsindustrien. For Hydro totalt skal 1200 stillingar vekk. Den norske delen av verksemda vert ikkje råka.
– Verksemda på Magnor har 1200 tilsette, men her er det ingen planar for nedbemanning, seier Molland.
Uviss marknad
I desse dagar vert det tilsett folk til opninga av Hall B i Husens i Kvinnherad kommune.
– Vi har ikkje fått nokre signal om at denne investeringa er sett på vent, seier Ørjan Normann.
Hallvor Molland seier dei gjennomfører oppbemanninga med sikte på oppstart av produksjonen i 2020.
«Verksemda trur på hundre år til med norsk industriproduksjon tufta på rein norsk energi, men då treng vi stabile og føreseielege rammevilkår»
— ØRJAN NORMANN, FAGFOREININGSLEIAR PÅ HYDRO HUSNES
– Skulle marknaden snu totalt kan ikkje vi garantere noko, men per no held vi fram som planlagd på Husnes.
Ørjan Normann roser Norsk Hydro for satsinga i Noreg. Han syner til at verksemda investerer 19 milliardar kroner i dei norske metallverka frå 2012 og fram til 2020. Desse investeringane aukar produksjonen med over 40 prosent.
– Verksemda trur på hundre år til med norsk industriproduksjon tufta på rein norsk energi, men då treng vi stabile og føreseielege rammevilkår, seier Normann.
Nedbemanninga i Norsk Hydro syner kor viktig rammevilkåra er. Allereie i år aukar straumkostnadane for Hydro med 50 millionar kroner. No stig nettleiga ytterlegare og fører til ei ekstrarekning på ytterlegare 80 millionar kroner, og det stoggar ikkje der.
Vil møte statsrådar
Normann meiner desse kostnadane ikkje berre skal betalast av industrien.
– Statnett vil ha dekt investeringane som skal klargjere for meir fornybar industri og kablane dei strekker til utlandet. Dette er investeringar det er urimeleg at industrien åleine skal dekke.
Normann seier kostnadane vil svekke dei økonomiske resultata til verksemdene i Sunndal, Høyanger, Årdal og på Husnes og Karmøy.
– Det kjem i ein periode med krevjande marknadstilhøve og stor uvisse og det kan råke framtidige investeringar.
Forbundet Industri Energi har bede om eit snarleg møte med næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) og olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg (Frp).
– Føreseielege rammevilkår er heilt avgjerande for kraftforedlande industri, seier forbundsleiar Frode Alfheim til medlemsbladet til Industri og Energi.