I det siste har forlaget Magikon fått merksemd då Mina Adampour, etter fleire bekymringsmeldingar frå minioritetsforeldre, bestemte seg for å klage inn boka «Sitronlimonaden» av Hilde Henriksen og Helena Ohlsson til Likestillings- og diskrimineringsombodet. Som illustratør og kunstnar er eg oppteken av at forlag skal ha fridom til å gje ut bøker som omfamnar vanskelege tema. Dette inneber at forlagene i Noreg ikkje vert styrt av statleg sensur slik at tabubelagde tema kan tas opp, og det kan oppstå viktige og sunne diskusjonar i samfunnet der alle kan delta.
Ytringsfridom er ikkje apolitisk.
Kven snakkar?
Innspill